Eit tid for ettertanke og framtidstru!

Så har dei fleste vatna blitt isfrie. Strålande dagar med temperaturar over 20 grader gjorde at snobrøytarens gull smelta i rekordfart. Gråbleike myrar kjem til syne, og bjørkeknuppane på heia vågar så vidt å røre på seg. Bekkane går opp og ned, alt etter nattetemperaturen.

Sportsfiskarane bør no koma seg til fjells no. Ikkje mygg eller knott, så ein kan bruka hendene til det ein skal på fiske, nemleg å halda rundt fiskestanga. Spanande blir det å sjå vårkondisjonen på fisken.

Elgane held på med sine gjestevisittar på morgon og kveld. Har kome til at det nå er 9 el 10 forskjellige elg. To drustelege oksar gjekk å beite side om side kl 5 i dag til morgonen. Moro å sjå kor godvener dei kan bli når bare damene held seg unna. Husfolka blir trøyte utover dagen, når ein må stå opp kl 5 om morgonen for å sturdere
elg. Men ein må nyte tida!

Tok meg ein heitur seint i går kveld, den 12 mai. Ein god og varm maikveld. Heilt stille av framande lydar, bare naturen sine eigne, godt tilpassa lydar braut den fullkomne stilla. Sette meg ved bekken mellom Holmevatn og Midtvatn. Storlomparet kjem symjande rett forbi. Litt seinare kjem heias storfiskarar rett over meg, fiskeørna. Både små og store fisk vaker villig i båe vatna. Du verden kor heldig ein er som får oppleva nok ein vår i heia. Sit ved hytta til eigaren som bare fekk leva nokre dagar inn i mai.
Han Paul får ikkje den vårlege heituren dette året. Då er det godt for oss å ha dei gode minna i sinnet. Det gjeld å bruka dagane medan dei er der.