Så starta sportsfiskesesongen

Så kom dei fyrste sportsfiskarane til fjells. Denne helga er det mange fiskarar som verkeleg skal freista å få storfisken på kroken. Det vart snuing på vindretning, frå kald og sur nordavind, til varme med vind frå sør og søraust. Gråvær med litt duskregn ispett med oppklaring med sol innimellom, så bør dette vera topp fiskevær. Då er spørsmålet om fiskarane har gløymt kunsten frå i fjor. Vi får dei fyrste fiskerapportane sundag kveld. Fyrste målet er fisk over halvkiloen. Sesongens mål må vera å slå den gamle rekorden på 2,3 kilo, og å få fleire fiskarar både i 1- og 2- kilosklubben.

Elgane er framleis inne på jordet for å beite. For eit par kveldar sidan kom dei to fjorkalvane inn på jordet utan mora. Ho låg og heldt auga med dei frå nabojordet. Elgkyra skal nok få ny kalv, og då jagar ho vekk kalvane frå i fjor i god tid før kalving. Denne bortjaginga er temmeleg brutal. Ein kan høyra desse to som lokkar på mora utan å få svar. Kjem dei for nære mora, blir dei jaga vekk på temmeleg hardhente måtar. I dag var dei nesten nede ved Fyresvatn utan mora, så då nærmar det seg nok ein ny fødsel. Reknar med at elgmora annonserar når den nye kalven har kome i lokalavisa, Vest-Telemark Blad eller kanskje på elgfacebooken. Eindel elgar ser vi nå høgare og høgare i liane. Skal vel innom dei gamle saltplassane for å sjå om jegarane og grunneigar har kome med saltsteinane.

Orrhanane spilar framleis for harde livet, både morgon og kveld. Har du lyst til å oppleva orreleik, er det enno tid. Etter dei rapportane vi har fått inn, er det mykje spil i heia. Dette tyder på ein god stamfuglbestand.

Dei vaksne hjasane hoppar og sprett i alle retningar, Så langt vi ser det, bør det bli eit toppår for hjasebestanden. I tillegg er det forholdsvis begrensa med rovfugl, rev og mår, noko som vil gjeva ein raskare vekst i antall hjasar.

Såg også to svintøks(grevling) farta etter skogsvegen ned til Fyresvatn. Prøvar å halda hunden unna desse. Dei kan ha eit litt ustyrleg sinne dersom dei vert pressa.