Full insektsklekking – sesongen er i gang


Tålmodige fiskarar i eit av innløpa på Rundemannstjønn

Det er stor aktivitet rundt om i landet dagen før nasjonaldagen, og det er det jammen i vasskorpa ved Fiskebustøylen og! Nå er det full insektsklekking noko som set fart i fjellauren. Temperaturen er veldig god, så nå gjeng det fort framover.

Om du ikkje har gjort det er det på høg tid å finne fram stonga og ta turen til fjells – det er nå moroa set i gang!