God Jol!

Joletid på Fiskebustøylen

Høgtida er over oss og Fiskebustøylen er atter dekt med det kvite teppet. I skrivande stund er skiføret rundt støylen fantastisk, med florlett puddersno som akkurat er fast nok til å løype ned uvyrdslåmer og fjellknausar. Viltet søker ly i tettskogen og det er mykje spor å sjå etter både elg, hare, mår og orrfugl – om du ser på rette stadane.

Dei to bileta i jolehelsinga over viser Fiskebustøylen frå same vinkel, eine biletet frå over 100 år sidan og det andre frå året som har vore. Dette viser korleis Fiskebustøylen har vore eit paradis for friluftsfolk i uminnelege tider, og vil fortsette å vere det langt inn i framtida.

Vi på Fiskebustøylen vil ynskje alle – både stamgjester, fyrstereis i året som har vore, eller dykk som ennå ikkje har teke turen – ei god jol og eit knakande godt nyttår fullspekka med gode friluftsopplevingar!

Vi sjåast i 2019.