Årets Største

Det er nokon få dagar att av året, og det er ein ørliten sjanse for at dei mest ivrige sjelene fortsatt kan slå den hittil største fisken i 2018. Men vi er gamblar hardt her og kårar Anne Lise Greivstad til vinnar, med årets største fisk, ein fjellaure av finaste sort på 1470g!

Anne Lise vinn eit weekendopphald på Olavsbu i det kommande året. Og ryktene sør i dalen her seier at 2019 kjem til å bli det villaste fiskeåret på lenge!
Ta kontakt om du vil prøve å tangere rekorden frå 2018 når våren kjem, på Fiskebustøylen er du alltid velkomen. Men før den tid:

Ha ei knakande god nyttårsfeiring!