
Foto: Jan Vidar Williams
Med så mykje flott fangst i fjor, er det duka for ein knallsesong på Valebjørgheia.
Kring Fiskebustøylen er heiene framleis dekte av mengder med sno, og skiføret ser ikkje ut til å bli dårleg med det fyrste.
Einaste måten å nå den fine fjellauren på Valebjørgheia er å vise tolmod ved eit pilkehol. Men om ikkje lenge kjem våren for alvor, og då gjeng det ikkje lang tid før det er full aktivitet i fjellvatna her oppe.
I fjor var det god aktivitet i midten av mai, med godt og spennande fiske. Sver du til flugefiske, blir det ekstra moro – om du vel rett fluge så klart.
HER finn du ein liten oversikt over vatna som fiskekortet her oppe gjeld for, med nokre bilete som syner vatna og område/vegetasjon omkring.
I 2018 tvinga den største fisken som vart teken vektnåla tett opp under 1,5 kg – ein kjempeflott fjellaure som garantert allereie har blitt til eit velsmakande festmåltid.
Men dette var ikkje den einaste ruggen i Valebjørgheia! Vi tek stadig imot observasjonar av storfisk, og kven veit, kanskje blir det du som fangar den største i år?

Foto: Jan Vidar Williams

Foto: Lars Wara

Foto: Jørund Valebjørg