DÅ ER VI I GANG!!

 Foto: Bendik Momrak

Foto: Bendik Momrak

 
Sist helg var fisken bitevillig i Valebjørgheia. Her ser du resultatet frå vatnet med kallenamnet «Fiskarens trøst» – ein fin fangst vert det! Ein bør ta seg ein tur no – fisken er svolten etter vinteren og der er lite insekt å sjå på heia. Den bit altså på det meste. Dei fleste vatna er no isfrie, men båtane vert ikkje sett ut før tidlegast 17. mai-helga. Om du tek deg ein tur er det berre å ta beina fatt.
Fiskeørna har kome tilbake til den faste plassen, og orrhanane buldrar framleis i solrenninga kvar morgon. Vil tru orrhønene har fått nok av buldrebassane, så no spelar dei nok mest for å halde stemma vedlike. Reinen har ikkje kome sørover enno, men kjem nok i andre halvdel av mai.
 Foto: Per Stabell

Foto: Per Stabell

Hugs konkurransen om ÅRETS STØRSTE FISK så du kan vinne ei gratishelg på Olavsbu.
Tidlegare vinnarar er:
2016: Bendik Momrak, fisk på 1750 g
2017: Sigmund Nærum, fisk på 1510 g
2018: Anne Lise Greivstad, fisk på 1470 g
Rekordfisken på 2,3 kg står enno. På tide å slå den, vel?

Vi ved Fiskebustøylen ynskjer velkommen til fine fiskeopplevingar i Valebjørgheia komande sesong.