Fiskebustøylen Fjellyoga 2020

Velkomen til ei langhelg med yoga, «detox» og ro, nært på urørt natur og stille.


Ei kort skildring av helgas opplegg:

Kvar morgon byrjar med ein smakfull og reinsande eliksir, før ein energisk yogatime med særleg merksemd kring flyt og rørsle. Etter morgonyoga vert det frukost som passar godt saman med helgas mål om indre reinsing.

Fram mot lunsj vert det ope for kvile og refleksjon samt frivillige fellesaktivitetar. Det vert halde tre foredrag denne helga: eitt der Kristen frå VEGE MAMA Foods deler sin kunnskap om blant anna næringsrik mat, probiotika og tarmkultur, og to der Emilie gjev ei djupare forståing av yogaens historie og filosofi samt betydinga av pust – både i yogapraksisen og i kvardagen.

Etter middag vert det tid for yinyoga og meditasjon. Desse timane rettar merksemda mot ulike ting som passar med dagens aktivitetar og foredrag.

Målet for helga er å gje ei heilskapleg oppleving med særleg merksemd kring indre og ytre helse. Gjennom mat som er god for kroppen, yoga, meditasjon og refleksjon ynskjer vi å skape eit nærvær i eigen kropp og i eige sinn.

Arrangementet passar for alle og ein kvar, anten du har mykje erfaring med yoga eller ikkje.


Praktisk info:

Prisen for heile arrangementet er på kr 6 000. Halvparten (kr 3 000) betalast ved tinging av plass, medan resten betalast ei veke før sjølve arrangementet.

Arrangementet byrjar 6. august kl. 16:00 og sluttar 9. august kl. 12:00.

Dette er inkludert:

3 netter ved vakre Fiskebustøylen

8 plantebaserte måltid + snacks og anna godt

5 yogaøkter + meditasjon

3 interessante og lærerike foredrag

Gåveposar med spennande innhald

Guida fjellturar

Tilgang til robåt og kano

Oppreidde senger


Emilie er den flotte yogainstruktøren vår denne helga. Ho har praktisert yoga i over 10 år og undervist i 4 år ved ulike studio og for bedrifter i Oslo. Hennar interesse for anatomi, helse og heilskapen i mennesket er også bakgrunnen for utdanninga hennar som osteopat.

Som 19-åring reiste Emilie ut i den store verda for å finne svar på spørsmål ho ikkje heilt visste kva var. Nå, 9 år seinare, ynskjer ho å dele kunnskapen ho har tatt med seg frå buddhistar i Nepal, urbefolkninga i Guatemala, yoga-guruar i India og eksentriske sjeler i resten av verda. Sjølv etter å ha besøkt over 48 land har Emilie konkludert med éin ting: Paradiset – det må du finne i ditt eiga hjarte, og ein kombinasjon av meditasjon og yoga er den enklaste måten å finne det på.


Kristen frå VEGE MAMA står for maten denne helga. Ho vil lage mat i alle regnbogens fargar, tilpassa dagens program. Alt er 100 % plantebasert, med særleg merksemd kring «rawfood», fordøyinga, anti-inflammasjon, probiotika og næringsinnhald. Dette er drivstoffet som gjer at kropp og sinn får det beste grunnlaget for å ta inn dei vakre omgjevnadene og det flotte programmet.

VEGE MAMA bur i Sørkedalen, «bygda i byen», rett utanfor Oslo. Ho lagar pålegg og tilbehøyr på glas – 100 % av planter og med særleg merksemd kring tarmhelse. Ho lagar mat til festivalar, driv catering, held kurs og sel produkta sine gjennom REKO-ringen og ved stadig fleire marknader og i butikkar.

Her kan du få vite meir om VEGE MAMA:

Instagram: https://www.instagram.com/vegemamafoods/

Facebook: https://www.facebook.com/vegemamafoods/


For påmelding send ein e-post til aashild612@gmail.com eller ein SMS til 41594057