Så slo han til att, storfiskaren frå Sitjegrend i Fyresdal. Største fisk i 2020 fekk Bendik Momrak, og den tok han i ei heller lita tjønn. Bendik tok årets største for andre gong på få år, og i tillegg tok mor hans, Anne Lise, årets største i 2018. Ein familie med god fiskelukke må det vere!
Då ynskjer vi på Fiskebustøylen Bendik velkomen til ei helg på Olavsbu og lukke til med ny storfangst i 2021!