Om sommaren kan du oppleve guida topptur, fisketur, garnsetting, kanopadling, fiskekurs og fotokurs.
På vinterstid kan du halde på med isfiske og aking, ta deg ein fjellskitur i sjølvbrøyta skiløyper medan du nyt urørd natur eller ta ein rundtur i oppkøyrde løyper. Fiskebustøylen har mykje å by på – her er det berre fantasien som set ein stoppar!