Valebjørgheia er er eit eldorado for fiske etter fjellaure. I 32 fjellvatn kan du få fin fisk som er ivrig i bittet og raud i kjøtet. Rekorden er 2,3 kg, og flotte fjellaurar på over kiloen blir tekne med jamne mellomrom. Det går merka turløyper og stiar i området, som gjev god tilkomst til dei fleste vatn. Ved ynskje om fiske frå båt er det mogleg å leige dette.
Under finn du ein oversikt over fiskevatna i området kring Fiskebustøylen. Vatna som er nummerert går inn under Valebjørgheia og Nissedal sitt fiskekort. Nedst finn du eit galleri med bilete frå området. Her ser du korleis fleire av vatna ser ut, og korleis fauna og lendet er omkring. Dermed kan du planlegge turen din endå betre og velje ut dei vatna du vil prøve deg på.

Fiskevatn:

  1. Krossvatn
  2. Midtvatn, søndre del
  3. Nuvatn
  4. Holmevatn
  5. Åbogtjønn
  6. Himmelstøyltjønn
  7. Løyningtjønn
  8. Sipletjønn
  9. Nedre Stakkhomtjønn
  10. Øvre Stakkhomtjønn
  11. Laurdagstjønn
  12. Ålvora
  13. Rundemann
  14. Sletteheitjønn
  15. Maurdalstjønn
    16-24. Gråstakktjønnane (8 stk)
  1. Gråndalstjønn, vestre
  2. Gråndalstjønn, midtre
  3. Gråndalstjønn, austre
  4. Tarjeistjønn
  5. Urdvatn
  6. Myrbutjønn, nedre
  7. Støylskrotjønn
  8. Krontjønn