Heiene rundt Fiskebustøylen byr på flotte turområde med både svaberg og furuskog. Det er fleire merka turstiar ein kan fylgje til fjelltoppar i området, høgast er Kronfjell på 925 moh. Valebjørgheiene har eit rikt dyreliv, og der er store moglegheiter med kamera eller våpen i hand. Om du vil utforske området til fots eller i kano/kajakk er du garantert ei oppleving der du blir eitt med naturen.

Ved overnatting på Fiskebustøylen vil du òg ha moglegheit til å leige båt eller kano, garn og anna fiskereiskap.