Fiskebustøylen er ein gamal støyl på Valebjørgheia i Fyresdal med kjent aktivitet datert tilbake til seint 1800-tal. Støylen er som i tidlegare tider tilhøyrande garden Valebjørg Søndre og vart bruka til tradisjonell støylsdrift fram til 1932. Støylen vart òg nytta som turisthytte for Arendal og Omegn Turistforening frå 1916. Den opphavlege laftebygningen ser du att i Olavsbu den dag i dag.

I 1999 vart støylen riven og arbeidet for å bygge opp Fiskebustøylen som den er i dag, starta. Fiskebustøylen drivast i dag av Åshild, Anne og Jørund Valebjørg, som står klare til å ynskje deg velkomen til fjells, ro og stille.

 

Kontaktinfo:

Tlf: 97677991

E-post: post@valebjorg.no

Adresse: Fyresdalsvegen 4317, 3870 Fyresdal